Laster Arrangementer

JONAS ØREN

Årets bidrag fra KOREDA under åpningen av sommerutstillingen på Nils Aas Kunstverksted

PROGRAM LOGO14

Tidspunkt

19. juni - kl 17:00

Pris

Gratis

Under Straumen Open presenterer KOREDA dansekunstner Jonas Øren som skal gjøre soloen «Somewhat Deconstructed 2.2» som en del av åpningsprogrammet på Nils Aas Kunstverksted.

Somewhat Deconstructed er ein dekonstruksjon og ei personleg tolking av verket In the Middle Somewhat Elevated av William Forsythe.

Den legendariske koreografen William Forsythe sitt originale danseriske materiale krev både ei enorm teknisk evne og rytmisk forståing basert på prinsipp frå den klassiske balletten. I tillegg framførast stykket med ei tydeleg haldning; noko som for somme kanskje kan minne om sex-appeal. Med dette utgangspunktet har dansekunstnar Jonas Øren og komponist Erik Spanne undersøkt kva sjølv-portrettering kan vere. Eit sjølvportrett er oftast ei forskjønning – ein måte å framstå på ein ønska måte. Å tilnærme seg dette materialet i si originale form er å gripe etter det uoppnåelege – som igjen understreker noko urealisert ved den objektiviserte «Jonas». Det handlar ikkje om å imitere eller kopiere, men heller å bryte ned og revurdere: Korleis fungerer samansmeltinga av desse dansande handlingane og musikken i den objektiviserte dansekroppen? Som kunstform byggast mykje på risiko og meistring. Scenekunsten handlar om å feile.

jonas øren

Jonas Øren (f. 1988, Høyanger) er dansekunstnar, skribent og kritikar. Han har BA i klassisk ballett (2009–2012) og MA Dans frå Kunsthøgskolen i Oslo (2017–2019), og har også studert ved Conservatoire National Superieur Music et la Danse i Lyon og Ballettskolen ved Den Norske Opera og Ballett. Hans avsluttande MA-prosjekt tok utgongspunkt i strategisk sjølviscenesetjing og vart til ein serie av fire sjølvstendige prosjekt.

Arbeida til Øren er mellom anna presentert ved Dansens Hus, Oslo (2021), Teaterfestivalen i Fjaler (2020), i spelefilmane En dag i Juliog Rett Vest,produsert og regissert av Henrik Dahlsbakken, Norsk Reiselivsmuseum (2016) og Centre Pompidou i Paris (2015). Han vart tildelt prisen Shooting Star ved RIFF R.E.D. International Film Festival (2015).